Volda HK har tilsett topptrenar frå Island!

-Satsingsprosjektet i Volda har fått ein ny dimensjon etter at klubben denne veka skreiv kontrakt med Alfred Ørn Finnsson, som i dag bur i Reykjavik, seier leiar Arild Bakke i Volda Handballklubb.

Alfred Ørn Finnsson er berre 30 år, men har trass sin unge alder markert seg som ein suksessrik trenar på Island. Han har trent fleire eliteserielag, blitt Islandsk meister for damelaget IBV og også vore assistenttrenar for Damelandslaget med bl.a. fokus på videoanalyse. Sist veke var Alfred i Volda og såg på forholda her og likte det han såg.

Les også kva dei skriv på Island:http://www.sport.is/

Les kva Sunnmørsposten skriv:http://www.smp.no/article/20100310/NYHETER/100319995/1002/NYHETER

Volda HK har ansatt topptrenar frå Island!

-         Satsingsprosjektet i Volda har fått ein ny dimensjon etter at klubben denne veka skreiv kontrakt med Alfred Ørn Finnsson, som i dag bur i Reykjavik, seier leiar Arild Bakke i Volda Handballklubb.

Alfred Ørn Finnsson er berre 30 år, men har trass sin unge alder markert seg som ein suksessrik trenar på Island. Han har trent fleire eliteserielag, blitt Islandsk meister for damelaget IBV og også vore assistenttrenar for Damelandslaget med bl.a. fokus på videoanalyse.

Alfred vart kåra til Islands beste trenar både i 2006 og 2007.

Alfred har sjølv erfaring som spelar frå toppnivået på Island og i Danmark og har også spelt Europa-cup kampar. Han mått gi seg som spelar på grunn av skade.

Styrker laget med eliteseriespelar frå Island

Alfred er gift med Eva Bjørk, som har spelt over 300 kampar i eliteserien og 20 landskampar for Island. Island held ikkje same nivået som i Norge, men topplaga kan godt samanlignast med topp 1. Divisjon eller nedre halvdel av eliteserien. Det betyr at Volda får tilført ein god spelar, som utvilsomt vil markere seg i norsk 2. divisjon.

Storsatsing

Volda HK fokuserer ikkje berre på 2.divisjonslaget.

Like viktig som opprykk til 1. Divisjon om få år, er satsing på talentutvikling for yngre spelarar, både gutar og jenter. Klubben har eit mål om kvart år å få fram spelarar som representerer Midt-Norge i NM(bylag) og dette tiltaket vil være eit viktig skritt i den forbindelse.

For Volda HK er dette både eit  økonomisk og sportsleg løft. Volda HK er i dag største handballklubben i Møre og Romsdal med 270 aktive og ei omsetning på 1,5 millionar.

Klubbens største sponsorar Sparebank 1 og Tussa har bidradd positivt i denne prosessen og vi er også i konstruktiv dialog med fleire andre. I tillegg vil Alfred bli leigd ut til Handballforbundet og andre lokale klubbar på søre Sunnmøre. Det er viktig for satsinga i Volda at også dei andre klubbane i området satsar på kvalitet framover og vi ynskjer her å tilby Alfred sin spisskompetanse i denne forbindelse.

Skal vi greie å etblere eit 1. Divisjonslag på søre Sunnmøre er det heilt nødvendig å auke kvalitetsnivået i alle klubbane og dei beste spelarane må i tillegg satse for Volda på seniornivå.

 

Sportsleg leiar

Alfred vil i tillegg til å ha ansvaret for 2. Divisjonslaget være klubbens Sportslege leiar. Han vil i den stillinga få ansvaret for å utvikle og implementere ein raud tråd i den sportslege utviklinga frå 10 år og oppover. Det betyr å fastlegge kompetansenivå, fokusområder og øvingsutvalg for dei ulike alderstrinn.

Alfred Ørn Finnsson startar i denne stillinga frå 1. August og det er inngått ein 3-årig kontrakt.

Slik det ser ut i dag vil Volda måtte spele kvallifisering for 2. divisjon komande sesong. Vi har stor tru på at dette går bra, men må laget ta det tunge skrittet å gå ned ein divisjon, får det ikkje fylgjer for dette satsingsprosjektet. Det tar berre eit år lenger å nå målet.

Auka hallkapasitet

Ei slik satsing krev auka hallkapasitet i området, både med tanke på å auke antall spelarar og få fram ein arena for 1. Divisjonsspel. Voldahallen er frå 1977,  Ørstahallen frå 1965 og er sterkt prega av nettopp det. Begge kommunene har jobba med konkrete planar i ei årrekke, men det er fortvilande at det ikkje kjem lenger enn til tegnebordet. No må politikarene ta konkrete grep, slik at også vi som driv hallidrettar får levelige rammebetingelsar for det dugnadsarbeidet vi held på med. Gode arenaer tiltrekker seg positiv aktivitet og er god samfunnsøkonomi. Så enkelt er det.
Om det blir ny hall både i Ørsta og Volda eller felles hall midt i mellom betyr lite for oss. Men kom no i gang!

Volda, 10.03.2010

Arild Bakke
leiar

Spørsmål:

Arild Bakke, 90522420

Alfred Ørn Finnsson, 003548916138




 

   

 

    

   

 

 

 

  

 







Gje grasrotandelen til klubben i ditt hjarte!