Jenter 16år: To sigrar og to tap i helga.
|
God kamp av Camilla mot Blindheim. |
Det har vor ei travel helg for 16-årsjentene våre. Mange sjuke og skadde spelarar gjorde at vi akkurat greidde å stable på beina to lag på laurdag til kampane mot Blindheim (borte) og Aksla (heime). Mykje bra blei prestert, men også ein del å jobbe med.
Blindheim2 – Volda 3 13 – 21 (6-8)
Det blei mykje styr før kampen kom i gong. Blindheim ville ha med spelarar som hadde spelt kamp rett før, noko som ikkje er lov.(skal vere 1 time pause). Etter mykje fram og tilbake kom kampen i gong. Vi leverte ei nsvak første omgang, men kom sterkt tilbake etter pause og vann komfortabelt 21 -13. Desse var med: Katarina Vikestrand,Silje Sandblost 4, Ingrid Marie Iversen 3, Camilla A.Mo 8, Idunn Bjørkedal 1,Linda Fjukstad 2,Marie Nilsen 3. Myndig og flink lagleiar var Fride Uthaug Reite.
Volda93 – Aksla 18 – 21 (10 -12)
Resten av gjengen møtte Aksla i Voldahallen. Det blei ein jamn og spanande kamp der begge lag gjorde mange tekniske feil, men der Aksla kom sterkast på slutten og vann fortjent med tre mål. Vi hadde for stor feilprosent på avslutningane våre til å vinne kampen. I tillegg måtte både Vilde og Malene ut med skade tidleg i kampen, og dei rokeringane vi gjorde var ikkje heilt vellukka.
Vi stilte dette laget: Lisa Engeset, Malene Vatnehol 2,Katrine Reite 3, Elena Dale 7, Kristin Kårstad 2, Anna Krumsvik 4, Ingeborg Åm, Marie Lyshagen.
Volda93 – Stranda 31 – 28 (18-17)
Første kampen mot Stranda på søndag vart fartsfyllt, spanande og god underholdning for publikum. Sjeldan har det blitt skåra so mykje mål på ein omgang. Stranda starta i eit forrykande tempo anført av teknisk gode Hege Løken og gjekk rett opp i 7-2 leiing. Vi la med ein gong ut frimerke på Løken, men Stranda held likevel ei femmålsleiing og det sto både 8-3 og 9-4 på måltavla. Etter ”timeout” fekk vi sett opp tempoet og i mål kom Frida K.Bolsø som med nokre kanonredningar fekk oss på sporet att. Vi kom à jour på 15-15 og kunne gå til pause med eittmålsleiing. I pausa bestemte vi oss for å ta eit tak i forsvarspelet vårt som langt frå var patent. Vi lukkast med det og utover i andre omgang drog vi sakte, men sikkert i frå og leia ei stund med sju mål. Mot slutten kom Stranda tilbake, men vi hadde god kontroll og vann 31-28. Godt keeperspel av Frida. Marie Nilsen stor kamp på strek. Vilde, Elena,Anna og Kristin hadde alle flotte prestasjonar som bakspelarar. Katrine fine mål frå kanten.
Desse var med: Lisa Engeset, Frida K.Bolsø, Vilde Moltudal 4,Marie Lyshagen, Elena Dale 6, Katrine Reite 3, Anna Krumsvik 9, Marie Nilsen 5, Ingrid Marie Iversen, Kristin Kårstad 4.
Volda94 – Stranda 24 – 26 (13 -14)
Litt seinare på dag var det ny kamp mot Stranda. Då var det 94-jentene sin tur og på ny ein jamn kamp. Stranda opna også her best og var ei stund oppe i tre målsleiing. Vi kom tilbake og utlikna. Slik følgde vi kvarandre fram mot pause. Då leia Stranda med eitt mål. I pausa vart vi einige om å vere tøffare i duellane. Særleg Hege Løken og kantspelarane til Stranda slapp alt for lett til. Ei stund såg det ut som om vi skulle greie å snu det til vår favør, men i sluttminutta blei det for hektisk og vi gjorde for mange tekniske feil til å vinne.
Dess var med: Frida K.Bolsø, Katharina Vikestrand, Linda Fjukstad, Marie Nilsen 1, Ingrid Marie Iversen 4, Silje Sandblost 1, Camilla A.Mo, Idunn Bjørkedal 2, Anna Krumsvik 14, Kristin Kårstad 1, Vilde Moltudal 1.







